OpenPeppol

OpenPeppol er ein organisasjon for å vidareføre arbeidet til Peppol-prosjektet.

Peppol (Pan-European Public Procurement Online) prosjektet har hatt ei vellykka gjennomføring med Peppol-spesifikasjonar, pilotering og produksjonssetjing av desse.

For å vidareføre det arbeidet Peppol-prosjektet har gjennomført er det no etablert ein organisasjon som er kalla OpenPeppol Association. OpenPeppol, som består av offentlege og private medlemer av Peppol-samfunnet, har teke over ansvaret for Peppol-spesifikasjonar, byggeklossar og tenester og skal fremje implementering av desse i heile Europa.

OpenPeppol er etablert som ei non-profit internasjonal foreining under belgisk lov (Association Internationale Sans Men Lucratif - AISBL) og starta si offisielle verksemd den 1. september 2012.

Meininga med OpenPeppol er å kople europeiske bedrifter og europeiske offentlege kjøparar enklare saman i den elektroniske innkjøps- og handelsprosessen for med det å gje auka høve for større konkurranse om offentlege kontraktar og reduserte transaksjonskostnader. Dette vil gjere offentleg sektor i stand til å yte betre tenester for skattebetalarane sine pengar.

OpenPeppol vil stimulere til eit breitt samarbeid på tvers av Europa og vil gje kraft til å gje dei standardiserte handelsprosessane og formata ei god utbreiing. Peppol-komponentar og spesifikasjonar vil truleg også få ei utbreiing utanfor Europa.
Meir informasjon om OpenPeppol finn ein ved å følje lenkja: OpenPEPPOL nettside

Oppdatert: 2. februar 2023

Fant du det du lette etter?

Det beklager vi!

Hva lette du etter? Bruk gjerne stikkord