Organisert kamp mot sosial dumping hos Jernbaneverket

Jernbaneverket starta i januar 2013 ei kontroll- og kompetansesatsing for å hindre sosial dumping i sine kontraktar.

Kjernen i satsinga er ei kontrollgruppe, som både bidreg med kontroll ute i prosjekta og er pådrivar for at heile etaten skal få kompetanse til å kjempe mot sosial dumping.

Kontrollgruppa vart etablert på bakgrunn av ein internrevisjon i 2011, og vart forankra heilt til topps i Jernbaneverket. Den daglege verksemda til gruppa er forankra i sikkerheitsstaben i Jernbaneverket Utbygging, men rapporteringa går også direkte til jernbanedirektøren.

Gruppa består av fem medlemmer frå ulike delar av etaten, med eit bredt spekter av kompetanse: juridisk-, sikkerheit- (HMS/SHA) og kontraktkompetanse, samt kompetanse frå eiga personalavdeling er representert, i tillegg til at leiaren for gruppa, Tina Langaas, har særleg kompetanse på byggherreforskrifta. Langaas er den einaste som arbeider med kontrollgruppa på heiltid, dei andre vert rekrutterte når det er tema som særleg gjeld deira område eller viss det er stor læringsverdi for gruppa.

Ansvarsområdet til kontrollgruppa er todelt: Dei skal både kontrollere lønns- og arbeidsvilkår i kontraktar der det er behov, og gjere heile verksemda i stand til å følge opp krava som vert stilte ved hjelp av kompetansebygging, malar, verktøy og praktisk bistand. Sosialt ansvar i vidare forstand ligg utanfor virkefeltet til gruppa.

Gruppa tok fatt på sitt kontrollarbeid i 2013. Kontrollprogrammet for 2013 indikerer éin planlagt kontroll kvar månad. Det vil seie at første kontroll blei utført i januar. Ved passert halvår 2013 var det framleis etterarbeid med den første, og dei har slik sett arbeidd med fleire kontrollar samtidig. Ettersom denne typen aktivitet var heilt ny, har medlemmene i kontrollgruppa skaffa seg kompetanse undervegs ut frå dei kontrollane dei har utført. Samtidig spreier dei denne kompetansen bredt i organisasjonen.

Kompetanse

For å løfte kompetansen generelt i organisasjonen, arrangerer kontrollgruppa kurs. Målgruppa er dei som har med kontraktar og kontraktsoppfølging å gjere, særleg prosjektleiarane. På kvart kurs får deltakarane innføring i forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar og anna relevant regelverk, dei går gjennom kontraktane og kontraktsvilkåra, malar og verktøy, korleis kontrollar går føre seg, erfaringane med eigne kontroller, faresignal ein kan sjå etter på anleggsplassen m.m.

Kontrollverksemda

Kontrollgruppa er eit kompetansesenter, men det er dei einskilde prosjekta som sjølv skal signalisere og gjennomføre kontroll. Kontrollgruppa tek då kontakt med den aktuelle prosjektleiaren, og føreslår at det vert sett i gang kontrollaktivitet. Alternativt kan prosjektleiar kontakte kontrollgruppa fordi ein ønsker kontroll på prosjektet – eller det kan kome ei bekymringsmelding. Så vert ein eller fleire medlemmar av gruppa med på kontrollen, og samlar inn og vurderer dokumentasjonen som kjem. Viss det viser seg behov for nærare oppfølging eller varsel om eventuelle sanksjonar overfor entreprenøren, vert dette først vurdert hos jurist, og viss det nødvendige grunnlaget er til stades, er det prosjektleiar som sender ut varselet.

I førespurnader til entreprenørane er det avgjerande å formulere seg pedagogisk. Gruppa ønsker dialog og samarbeid, ikkje konfrontasjon med steile frontar. Då kjem det ikkje mykje ut av kontrollverksemda. Ikkje minst gjeld det når gruppa t.d. ber om meir informasjon på bakgrunn av observasjonar som er gjorde, eventuelt i samband med varsel om sanksjonar ved brot på reglane. Hensikta er ikkje først og fremst å gi sanksjonar, men å få entreprenøren til å rette opp feila. Inntrykket er at nokre av feila oppstår fordi leverandøren ikkje har den nødvendige kunnskapen om regelverket. Fram til medio 2013 er det sendt ut tre sanksjonsvarsel. I fleirtalet av kontrollane til no er det funne noko å sette fingeren på.

Erfaringar

Kva har så gruppa erfart i si første, spede byrjing?

  • Det ser ut til å vere behov for hyppige kontrollar, fordi det ofte kan vise seg å vere brot på kontraktsvilkåra om lønns- og arbeidsvilkår.
  • Det er lettare å gjere kontrollar og avdekke brot enn kva som var forventa i starten.
  • Tidsbruken for kvar kontroll varierer. I ein kontroll var timeforbruket frå gruppa si side 60 timar – saka gjaldt fire arbeidstakarar og brot vart avdekte. I ein annan var det 90 timar – her var omfanget større, 30 arbeidstakarar. Brot blei avdekte også her. I ein kontroll som gjaldt 15 arbeidstakarar og der det ikkje vart avdekt brot, var timeforbruket 40 timar.
  • Å ha tilgang til spisskompetanse er særs nødvendig ved kontrollar. I bygg er tariffavtalar allmenngjorde, medan det ikkje er tilfelle i anlegg, som verksemda til Jernbaneverket omfattar. Her er det fleire ulike tariffavtalar. I tillegg er utanlandske arbeidstakarar som er tilsette i utanlandske selskap frå tid til anna involverte og dei landsdekkande tariffavtalane er ikkje like tydelege som dei allmenngjorde for korleis dei skal tolkast for utsende arbeidstakarar. Derfor treng gruppa fagleg hjelp, ofte frå arbeidsrettsjuristar. Nokre gonger bruker dei ein som er tilsett i Jernbaneverket, men det har også vore nødvendig å skaffe til vege ekstern kompetanse ved å gjere avrop på ein avtale etaten har når det gjeld juridiske tenester innan arbeidsrett. Partane i arbeidslivet vert sjølvsagt også konsulterte.
  • I samband med fellesprosjektet mellom Jernbaneverket og Statens vegvesen for utbygging av E6 og Dovrebanen langs Mjøsa, er det ein viss kontakt mellom dei to store etatane for å sikre anstendige lønns- og arbeidsvilkår. Førebels er det likevel ikkje noko formalisert samarbeid, berre erfaringsutveksling.

 

Oppdatert: 12. desember 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.