IT-løysingar vert her brukt som fellesord på alle typar IT-løysingar, anten det er hyllevare, standardløysingar som vert tilpassa den einskilde kunden, eller spesialutvikla løysingar.
Når du skal få tak i ei IT-løysing er det viktig å finne ut kva du eigentleg treng. Det er ikkje gitt at du treng å kjøpe ei ny løysing for å få dekt behovet ditt. Kanskje går det an å tilpasse eit system som verksemda di allereie har?
Du bør også sjekke om det er andre som har same eller liknande behov. Kanskje de kan slå dykk saman? Det kan de spare både tid og pengar på.
Når du er heilt sikker på at du treng å gjere ei anskaffing, må du finne ut kva det er du skal kjøpe:
- Finst det ferdige løysingar, hyllevare, som kan dekke behovet ditt?
- Finst det standardløysingar som kan konfigurerast eller settast opp slik at behovet ditt vert dekt?
- Er det ingen løysingar på marknaden som kan dekke behovet ditt, så det må spesialutviklast?
Korleis du skal utforme kravspesifikasjonen, kva anskaffingsprosedyre du bør velje og kva slags kontrakt det kan vere aktuelt å bruke, vil avhenge av kor standard eller kor skreddarsydd det du kjøper skal vere. For å kunne svare på det, må du finne ut kva marknaden kan tilby. Du må med andre ord gjere ei marknadsundersøking. Det kan også vere lurt å snakke med andre verksemder som har skaffa seg ei liknande løysing som det du har tenkt å kjøpe.
Ting å tenke på når du skal gjere anskaffinga
- Sjekk om verksemda di har rammeavtalar som du kan bruke.
- Sjekk om verksemda di har vedtatt standardar for kva slags teknologi det er lov å bruke
- Sjekk om verksemda di har retningslinjer om kva ansvar ein som "eig" eit system har, t.d. ansvar for opplæring, brukarstøtte mm. Kanskje treng du å kjøpe dette som del av anskaffinga
- Viss du treng hjelp frå IT-eininga i samband med det du har planar om å kjøpe, avklar det på førehand