Anskaffelsesprosessen steg for steg

Avklare behov og forberede konkurransen

Evaluering av høgaste kvalitet (fastpris)

Evaluering av tilbod der pris ikkje er eit tildelingskriterium.

Evalueringsmodellene er under oppdatering og nytt innhold vil bli publisert i november-desember. Vi anbefaler at du venter til ny veiledning er på plass.

Modellen inneber at prisen leverandøren får, vert fastsett i konkurransedokumenta. Tilbydarane konkurrerer då om å tilby mest mogleg kvalitet og/eller volum for denne prisen. Innanfor bygg- og anleggssektoren vert denne modellen kalla fikssumsmodellen.

Evaluering av tilbod ut frå denne modellen krev som regel at ein bruker ein poengmodell der dei ulike kvalitative elementa i tilboda vert vurderte og gitt poeng i samsvar med ein fastsett poengskala.

Modellen inneber at det vert konkurrert om å tilby den løysinga som gir størst verdi for oppdragsgivar innanfor denne absolutte prisramma. Oppdragsgivar må då tydeleg definere sine behov, og kople behovsbeskrivinga mot tildelingskriterium som vert gitt ein score basert på kor godt behova vert møtte. I behovsbeskrivinga kan det vere angitt minimumsnivå for kvalitet som skal dekke ulike behov, som tilbodet må tilfredsstille for at det ikkje skal verte avvist.

Modellens styrke er at oppdragsgivar unngår eit sterkt prisfokus i situasjonar der kostnadskutt for å halde prisen nede kan medføre ein risiko for kvalitetsreduksjon som til sjuande og sist må berast av oppdragsgivar. Eit døme på dette kan vere kjøp av ulike pleie- og omsorgstenester. Sjølv om den private leverandøren formelt og juridisk har ansvaret for at tenestene vert leverte med avtalt kvalitet, vil i praksis den offentlege oppdragsgivar bere ein minst like stor omdømmerisiko som leverandøren viss kvaliteten ikkje vert god nok.

Modellens svakheit vert synleg der marknaden faktisk er i stand til å levere ein særs høg kvalitet for ein lågare totalpris enn den som er oppgitt i konkurransegrunnlaget. Oppdragsgivar har då gått glipp av noko som har verdi – nemleg å få levert høgkvalitetstenester for ein lågare kostnad enn antatt mogleg. Modellen er vidare ei utfordring viss oppdragsgivar ikkje evner å gjere ei forsvarleg vurdering av marknadspris. Viss fastprisen ikkje treff marknaden risikerer ein å ikkje få tilbod eller å betale for mykje for tenestene som vert leverte.

Modellen eignar seg i utgangspunktet for kjøp der du som oppdragsgivar ønsker å utnytte ei økonomisk ramme fullt ut og der kvaliteten i leveransen er viktig. Typisk vil vere at du veit at marknaden kan tilby kvalitet ut over budsjett og at oppdragsgivar ønsker ein konkurranse på kor mykje kvalitet som kan kjøpast gitt den økonomiske ramma.

Modellen eigner seg også der ein gjennomfører ei anskaffing med bruk av ytings- og funksjonskrav.

Kjøp etter fastpris eigner seg ikkje ved kjøp av varekjøp og tenestekjøp der ein har vanskar med å finne marknadspris for det ein skal kjøpe. Det er i desse tilfella ein risiko for at du då kjøper meir kvalitet enn nødvendig.

Kjøp etter fastpris kan konkret egne seg ved kjøp av:
  • Konsulenttenester
  • Tenestekjøp der pris er ein politisk risiko, t.d. sosiale tenester, drift av sjukeheim. Utfordringa er å sette rett pris, slik at ein faktisk får akseptabel kvalitet.
  • Ved utføring av ei komplisert teneste der kvalitet er særleg viktig
  • Der ein skal kjøpe ei vare eller teneste der det er ein risiko at for sterkt prisfokus kan føre til ein kvalitetsreduksjon som oppdragsgivar til sjuande og sist må bere (t.d. kjøp av pleie- og omsorgstenester eller medisinske tenester).
  • Ved kjøp av eit teknologisk produkt der det er mogleg å inkludere ulike tilleggsytingar.
Maler (også kontrakt- og avtalemaler)
Oppdatert: 12. desember 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.